torsdag 7. oktober 2010

Bok rapport


                                   Handling


Murmanskaffæren er ein spennande og hardbarka spionroman som utspillar seg i Murmansk og Bodø på midten av 70-tallet, mens den kalde krigen er på sitt kaldaste. Oskar som er hovudpersonen står i gjeld til KGB (Russisk komité for statlig sikkerheit). Etter ein sabotasjeaksjon under krigen kor Oskars bror blei drepen, blir Oskar og faren teken vare på av sovjetarane i Murmansk.

 Dei sørgja for offiser utdanning til Oskar og engasjerte han til spionoppdrag i Noreg. Nå vil dei at han skal spionere på flyplassen i Bodø. Oskar får seg jobb på flyplassen og prøver å bli kjent med folka og miljøet rundt ham, han blir spesielt god venn med flygaren Arnfred. Det blir vanskeligare og vanskeligare å leva eit dobbeltliv og halde sin bakgrunn skjult, og han drøymar om et vanleg liv. Så får han eit siste oppdrag. Han skal feste sprengstoff til et jagarfly, og det viser seg at flygaren som skal ta av er Arnfred. Det endar katastrofalt….

                                Miljøet

Handlinga foregår i eit miljø som er kaldt, litt aude og ute på landet. Handlinga finner stad i Noreg, rettare sagt Bodø. flyplassen Oskar utforskar ligger gøymd vekk ved havet og nokon svære fjellvegger. Miljøet blant dei ansatte på militærbasen er variert sjølv om adle folka snakkar saman, men det finnes litt misstro blant nokon. Flygarane holdar bra saman, mens offiserane og korporalane er litt ueinige og har småkranglar. Altså kan ein konkludera med at miljøet er veldig variert og forholdsvis litt gøymd for annen sivilisasjon.
                               

                              Fakta
 Det er eigentlig fleire konfliktar eller hendingar som driver handlinga framover: den eine er då bror til Oskar sviktar Noreg med å gå over til Sovjetarane, den andre er at Oskar blir forfylgt av sovjetske folk eiter at bror hans døyde i den sovjetske hær og tilbyr/tvingar ham til å bli med i den sovjetske hæren, men hovudkonflikten er at Oskar skal gjera eitt siste oppdrag som er å bombe eit norsk jagarfly og drepe si eiga venn, Oskar trur dette blir eitt lett oppdrag, men det visar seg at det er vanskeligare enn han trur.

Det er tre hovudpersonar i denne romanen, dei heitar: Arnulf, Fjell og Oskar.

 Arnulf er utdanna jagarpilot og jobbar som det i militærbasen i Bodø. Han er veldig god i sitt yrkje og er ein rolig person. Han blir godt likt av dei ansatte, sjølv om ikkje alle kjenner ham. Arnulf er litt mistenksam og diskré av seg. Han er kraftig oppbygd og har eit godt/fint utsende, også eit godt vennskap til sin venn Oskar. Han er omtenksam og tar godt vare på dei rundt seg.

 Fjell er en merkeleg fyr som ikkje er heilt til stede når det gjelder verkelegheten, han er ein alkoholikar som lider av alvorlige problem som diabetes og klarar ikkje å halde seg vekke frå sin 47% vodka meir enn tre timer. Han er kaptein på militærbasen i Bodø, men bryr seg lite om sikkerheit og oppdrag han får, ja han bryr seg så og sei nesten ikkje i det heila tatt. Elles er han glad, men ikkje særlig populær person, han blir mistenkt som sabotør, og er redd ein person som heter Hallsten, fordi han er ledaren i forsvaret.

Så vart det Oskar, Han var med i den norske hæren, men blei tatt til fange av sovjetarane og blei tvunge til å bli med i deira hær. Han blir satt til å være spion, noko som tydeligvis passar ham bra. Oskar er ein kald, men samtidig varm person som ikkje seier spesielt mye om seg sjølv. Han sliter med å leve eitt dobbeltliv, men klarer å lage eit kjærleiksforhold mellom han og en sykjepleier som heitar Anna. Oskar er en uskyldig person som lever litt for seg sjølv og hater å snakke om familien. Dei beste eigenskapane til Oskar er at han er i god form, modig og liker utfordringar.
                                    Tema



Eg meinar at boka; murmanskaffæren kunne hatt fleire tema, men hovudtemaet vil nå eg sei er den kalde krigen som var på midten av 70-tallet, fordi alt som skjer i boka skjer som følgjar av den kalde krigen. Det er krig mellom sovjetarane og resten av Europas land, det skapar masse frustrasjon og kriser i Europa. Bror til Oskar går frivillig over til sovjetarane, noko som er eit stort nederlag. Eg meiner også at det er hovudtema når Oskar skal utføre sitt siste oppdrag og røyme etterpå.

 Eg oppfatta at det er temaet fordi det vart skrevet i boka: Nå tenkjer Oskar bare på ein ting, nemleg å utføre det siste oppdraget og deretter røyme frå sovjetarane til ein gammal trehytte langs norskekysten. Eitt anna eksempel; Du skal utføre eit viktig oppdrag for oss i Bodø, løyvd det frå kapteinen mens han fikk nokon underlige rykkingar i ansiktet. Eg meinar det står klart i boka kva som er temaet og det er lett å oppfatte, sjølv om nokon heilt sikkert er ueinige om kva som er hovudtemaet fordi det skjer fleire store ting.

                                  Budskap

Eg meiner forfattaren ikkje har vært klar nok når det gjeld budskapet i boka, noko eg tykkjar er dumt, fordi det er greitt å vite kva forfattaren prøver å si oss gjennom boka. Eg tolkar sjølv at budskapet er at han prøver å si oss at den kalde krigen vart fæl. Det forandra menneska til noko dårlig, me svikta kvarandre og landet sitt. Han prøver å si oss dette med å skrive ein del sakprosa ikkje berre skjønnlitterært innhald.

         Skrivemåte


Eg synes forfattarens skrivemåte er veldig varierande, enkelte plasser beskriver han alt for mye, andre plasser skriver han bra, språket er også litt tungt i begynninga fordi han har ein del fremmendord og beskrivingar, men dette løsar seg opp etter kvart. Det eg synes er dumt er at han bruker så vanskelege og utanforståande ord når han snakkar om jagarflya, som: canopyen, trykkfallen, stakkato, sidewalker og briefing.

Nokon plasser bruker forfattaren altfor mange beskrivingar, noko som gjer teksten kjedeleg:” Då han kom inn så han disken, det vart den same han hadde sitt 12 år tidligare, det var rissa inn noko merkverdige bokstaver på den grønmalte, ikke fullt så store disken, den vart faktisk litt bølgjete og da han så betre etter kunne han sjå at skrifta vart rissa dårlig inn med ein slags skarp gjenstand”. Ja eg synes boka blei litt dårligare og kledeligare på grunn av for mye fremmendord, beskrivingar og utsettingar.

Eg har lagt merke til at Bjørn Kjos (forfattaren) har brukt desse verkemidlane: Besjeling, eks: Sideswalker flyet brølar som ein løve, her har han brukt samanlikning og besjeling. Beskrivingar: ”det vart rissa inn nokon merkverdige bokstaver på den grønmalte, ikkje fullt så store disken, den var faktisk litt bølgjete då han såg betre etter kunne han sjå at skrifta vart rissa dårleg inn med ein slags skarp gjenstand”. Personifikasjon: tida går altfor fort når en er ute og flyr.








     Synsvinkel
               


Synsvinkelen som blir brukt er 3 persons-fortelling fordi det er ein refererande fortellar og fordi alt blir registrert utanfra. 3.personsfortelling er den klassiske episke fortellarmåten, som vi ofte møter i eventyr. Eksempel:

Politimannen banket på døra. En rolig, men myndig stemme ba dei komme inn. Den første Fjell fikk øye på då døra ble opna, var oberst Hallsten. Fjell haldt på å få sjokk. Kvifor vart obersten her? Dette handla då berre om promillekjøring? Eller? Det alvorlige ansiktet til oberst Hallsten fikk Fjell nesten til å synkje saman. Han måtte støtte seg til dørkarmen, men nikket til obersten. Etter eit augeblikk greidde han å gå bort til en stol som ble satt frem til ham. Nå skjønte han korfor Hallsten hadde avslutta briefingen nøyaktig klokka tre, endå dei ikkje var helt ferdige. Følelsane han hadde hatt av at politimennene hadde venta på ham, stemte altså.





                          Om boka/forfatter


Tittelen på boka er Murmansaffæren og forlaget er Tida norsk forlag. Boka ble gitt ut i Oslo i 2006, det firmaet som trykket og band boka heter WS bookwell AB og liggjar i Finland. Boka har 244 sider.

Bjørn Kjos heiter forfattaren som har skrevet boka Murmanskaffæren. Han er administrerande direktør i Norwegian. Han er utdanna jagarpilot og gjer nytte av sin kunnskap om fly i denne spenningsromanen. Han var sjølv jagarflygar med base i Bodø på 70-tallet, under den kalde krigen. Murmanskaffæren er hans debut som forfattar. Han ble født 18. juni på Sokna og er en norsk jurist, flyger og næringslivsleder. Bladet Kapital vurderte formuen hans i 2006 til 545 millionar kroner, opp frå 260 millionar kroner i 2005. I 2007 var formuen steget til over en milliard.




                                Vurdering




Boka begynner spennande og skildringane , både i handlig og tankar hos hovudpersonen begynner bra. Dessverre avslører Kjos så alt for mye av kva som skal skje ganske tidlig, slik at spenningsfaktoren faller delvis bort. Eg synes også han har brukt for mange beskrivingar og vanskelige uttrykk. For meg blir også historia litt for forutsigbar og tynn.

 Positivt er at boka er lettlest, har et oversiktlig persongalleri, samt at den ikkje krev nokon forkunnskapar om fly eller kald krig-historie. Sånn sett er det lett, og innimellom interessant underhaldning. Eg trur nok boka passer betre til fly og krig interesserte en til meg, så eg vil nok anbefale folk som har interesser for krig, spesielt fly å lese denne boka. Eg vil nok sei at boka passer til en aldersgruppe mellom 11 år og eldre, fordi boka kan være litt kjedelig innimellom og vanskelige ord gjer det heller ikkje lettare for barn under 11 år å lese den.

Eg synes også Kjos har brukt hjelpemidla sine godt, sjølv om han bomma litt på beskrivingane. Han kunne nok klart å skrevet litt meir enn det han har gjort, det virke slik at han har skrevet den fort, og ikke brukt god nok tid til å gjere boka bra. Sølv likte eg slutten best.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar